onsdag 17. november 2010

Me klarte det

Formannskapet har gjort seg ferdig med sitt budsjettframlegg til kommunestyret. Det er ikkje semje om alle ta. Politiske prioriteringar kjem til utrykk, det skulle berre mangla. For meg som ordførar er det viktig med engasjement og at ulike syn kjem fram. Det er korrigerande. Formannskapet har altså enno ein gong levert eit budsjettframlegg som kommunestyret kan arbeida med og som me kan leva med. Oppdraget er utført. Neste runde vert debatten i kommunestyret 8.12.