torsdag 7. april 2011

Gode framtidsutsikter, men...

Eg har i dag delteke på eit møte/seminar i HOG Energi (les om HOG her: http://www.holga.no/). Representantar frå CCB, FMC og Statoil hadde gode og interessante innlegg på seminaret:


Framtidsutsiktene for aktivitet på norsk sokkel (olje og gass) er gode. Ny teknologi gir nye muligheter for å ta opp olje og gass som før var vanskeleg tilgjengeleg. Statoil satsar og leverandørindustrien satsar og det manglar ikkje på oppdrag. For basane går aktiviteten litt i bølgjer, spesielt når det gjeld vedlikehaldsoppdrag på riggar m.m.

Men, så er det utfordringar, utfordringar som etter kvart vert sett på som alvorlege for næringslivet i vår region.

Her er eit par utfordringar som var nemd på møtet i dag:

Tilgong på menneske med kompetanse som t.d. ingeniørar. Det manglar ingeniørar. Det er nødvendig med  
tiltak for å utdanna fleire ingeniørar.
-
Vegsystemet mellom Bergen og Sotra/Øygarden vert no sett på som eit stort problem. No klagar bedriftene og ord som flytting er på leppene hos enkelte. Det vil nok ikkje skje umiddelbart, men det er viiktig no å ta dette på alvor.

God infrakstrur som t.d. vegar og tilrettelegging for bedrifter som er etablert og som vil etablera seg er viktig. Tilgong på rett arbeidskraft må ha fokus. Me må ta grep for å unngå at bedrifter flyttar frå regionen pga uforutsigbar tilrettelegging.