onsdag 14. november 2012

Formannskapet sitt budsjettmøte

Arbeiderpartiet og Høgre har fremja eit budsjett for 2013 med investeringar på nærare 120 mill. kr. slik TVØ oppfatta framlegget. Store nedtrekk i drifta, sal av eigedommar og store låneopptak i 2013 og i åra som kjem skal finansiera investeringane, m.a. ny skule på Tjeldstø.
Mi vurdering er at dei store låneopptaka bind kommunen sin økonomi i mange år framover. Rådmannen må reinskriva framlegget før det vert tilgjengeleg med nøyaktige summar.

Me i TVØ kan ikkje slutta oss til eit slikt budsjett. Sjølv vårt budsjettframlegg for investeringar på noko over 60 mill. kr. er i høgste merket. Me har prioritert vatn og avløp og ny gravplass i Hjelme.

Me meiner også at det må utarbeidast ein plan for skulane som omfattar tal på skular, storleiken på klassar og fagmiljø slik at ein møter framtida rett, også når det gjeld evnen til å finansiera ein god skule.