Eg har utsikt mot Hjeltefjorden, Askøy og byfjella. For nokre tiår sidan var det omtrent berre lysa frå Fløyen ein kunne skimta. Skipsreiar Reksten si satsing på Hanøytangen var stor på 70-talet. Han hadde ambisjonar om 2600 tilsette og bygging av svære tankskip. Det vart aldri ein realitet. Den gongen høyrde me om planane og drønna frå anleggsarbeidet som etter kvart stogga då prosjektet ikkje kunne realiserast.
No set eg og ser på lysa frå Hanøytangen og oljeplattformene som ligg til vedlikehald og ettersyn. Hanøytangen fekk ei ny æra og er med og sikrar arbeid og arbeidsplassar i mange verksemder på lik line med CCB, Ågotnes. Dette skulle Reksten ha sett, slik me seier om dei som ikkje er lenger og det er noko dei burde opplevd.
Regionen er velsigna med mange viktige bedrifter og variasjon i arbeidsplassar.
Hanøytangen: http://no.wikipedia.org/wiki/Han%C3%B8ytangen