Dei siste månadane har det i kommunen vore kjørt ei såkalla driftstilpassingsprosjekt. Det har gått ut på at ulike arbeidsgrupper, sett saman av tilsette og politikarar, skulle sjå på sparetiltak.
Det ein må vera klar over er at kommunen er ein kompleks organisasjon, med mange tenester og krav til kompetanse. Det er dei færraste som har innsikt i krav i lov og forskrift som kommunen arbeider etter, arbeidsoppgåver og korleis ting heng saman. Mange meiner å veta men egentleg veit ein lite. Dei som skrik på for mykje byråkrati er ofte dei som skrik høgast på at tenestene ikkje vert utført, når dei står der og skal ha hjelp av kommunen.
Det er mange meininger om offentleg sektor, men som eg skriv, få som veit kva som egentleg vert gjort av arbeid. Det kan det og vera med dette driftstilpasningsprosjektet. Konsekvensar av foreslåtte tiltak kan umogeleg vera godt nok analysert, etter mi meining. Å gå inn i ein organisasjon der ein skal spara mykje penger krev kompetanse, vet og respekt for andre sitt arbeid.
Politikarane i Øygarden har ikkje drøfta grep som kunne gitt retning på arbeidet og gitt effekt med større tyngde enn å spara 100-lappar. Det er skulestruktur, kor mange barnehagar skal me ha, brannvesen, legevakt, kompetanseheving, rydda i samarbeid med andre kommunar osb. Spørsmålet er: kva ein vil halda seg med i Øygarden, ein av landets rikaste kommunar.
Eg er heller ikkje villig utan vidare til å gi avkall på politiske prioriteringar som er gjort tidlegare.
Eg er samd i at kommunen sin økonomi skal vera berekraftig, og endringar må til. Spørsmålet er måten det vert gjort på, slik at det ikkje endar med eit mageplask, fordi ein ikkje var samde om kursen.
Så må nokon spørja etter kvart, kva er grunnen til hastverket med å redusera drifta?
19. juni kjem saka om driftstilpassingar til kommunestyret. Politikk er politikk, det er ikkje kva rådmannen eller konsulentar meiner, men kva eg som politikar meiner og vil.