tirsdag 11. januar 2011

Kommuneplanarbeidet - kva skjer?

Visningsanlegget utanfor Ovågen

Kommuneplanarbeidet i Øygarden. Det er ikkje sikkert at dette opptek deg som lesar. Men, ein god kommuneplan er viktig for samfunnsutviklinga og ikkje minst kva du og eg får lov til når det gjeld t.d. byggesaker, enten det er på land eller i sjøen. Arbeidet med kommuneplanen tek tid.
Me har arbeidd lenge med faktainformasjon, alle innspel frå enkeltpersonar, sentralt utarbeidde føresetnadar, synfaringar m.m. Ikkje minst er det mykje arbeid med den såkalla samfunnsdelen. Mange formelle bitar skal på plass. Onsdag i denne veka får kommunestyret ei orientering og dei kan då gi signal om justeringar. Eg reknar med at dette året går med før me har ein godkjent kommuneplan. Målet var å verta ferdig i denne kommunestyreperioden. Det vert nok vanskeleg slik eg kjenner desse prosessane. Me skal ha folkemøte, møte med regionale og statlege styresmakter, planen skal ut på høyring og alle uttalar skal bearbeidast og handsamast på nytt. Tida går fort i slike formelle prosessar. Det er og viktig at me gjer ein skikkeleg jobb, så langt det er mogeleg. Dårlegt forarbeid går ut over deg og meg når enkeltsakene skal handsamast.