150 tusen kommunale kroner til Nest-Sotra United
Noregs fotballandslag under Special Olympics til sommaren.
Kommunane Fjell, Sund og Øygarden har løyvd 150 tusen kroner til fotballaget Nest-Sotra United som har fått det ærefulle oppdraget å representera Noreg under Special Olympics i Aten 20. juni - 4. juli.
Etter eit møte mellom ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden, stadfestar Fjell-ordførar, Eli Årdal Berland, at kommunane vil støtta Nest-Sotra United med midlar for å gje laget ei oppleving for livet. Special Olympics i Aten er det største idrettsarrangementet i verda i 2011 med nesten 11 tusen deltakarar i 22 greiner. Denne organisasjonen arbeider særleg med å spreia idrett for menneske med utviklingshemming.
Alle skal medDet er Norges Fotballforbund som har valt ut fotballaget som skal representera Noreg. I utgangspunktet er det 15 plassar som vert finansiert av Special Olympics. Ordførar Eli Årdal Berland seier at denne opplevinga må heile laget få med seg.
- Difor vil vi gje laget ein god start i arbeidet med å finansiera ein tur der heile laget får vera med. Eg håpar at Nest-Sotra United får god respons på arbeidet med å finna sponsorar til denne store opplevinga for laget, seier ordføraren. Det same seier ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik.
- Me er glade for å hjelpa til at laget kjem seg av garde, seier Vik.
Leiinga i Fjell kommune hadde møte med klubben på tysdag. Lagleiar i Nest-Sotra United, Tove Iren Vindenes, er overvelda over at dei tre kommunane støttar laget med 150 tusen kroner.
- Det er heilt eineståande at kommunane hjelper laget på denne måten. Dette sikrar dei verdiane laget byggjer på, seier Tove Iren Vindenes.
- Det er heilt eineståande at kommunane hjelper laget på denne måten. Dette sikrar dei verdiane laget byggjer på, seier Tove Iren Vindenes.