torsdag 14. april 2011

Etter kommunestyret 13.4. - hyggelege meldingar

I tillegg til at barnehagesaka fekk ei løysing har kommunestyret godkjent kjøp av grunnen under idrettsbana på Toftøy (samt noko tilstøyande areal) Det er flott. Me kan no sjå konturane av ei oppgradering av bana, noko eg vil arbeida for vidare.

Kommunestyret godkjente forprosjektet for ny skule på Tjeldstø. Prislappen er ca. 70 mill. Det er viktig å presisera at mykje forarbeid må finansierast så som: utgravingar til fleire mill. opparbeiding av infrastruktur m.m. Dette er ikkje inne i kostnaden som kommunestyret tok stilling til.

Kommunestyret har godkjent låneopptak på kr 600 000 til vedlikehald på Hjelme nye kyrkje. Det skal og kjøpast inn stolar som skal erstatta benkane. Kyrkja er i år 40 år. Kyrkjeleg fellesråd dekkjer sjølv delar av kostnaden som er på totalt 1,1 mill.

For andre saker som kommunestyret handsama sjå http://www.oygarden.kommune.no/  under innsyn og dato for kommunestyremøte.