
Slik er det kvart år, er det ikkje? Me ventar på den lyse tida, at bakkane vert grøne og fuglane syng. Vekene går berre så altfor fort. Snart er denne vakre årstida omme og me går inn i somaren, sikkert med nye forventningar.
Me har det flott her ute ved havet, i Øygarden. Flott natur som er innramma av havet, fjorden og himmelen. Har du ikkje båt, ta deg ein tur i det vakre landskapet. Turstiar finn du i dei fleste bygdene, ofte svingar dei innom strandsona, slik at du kjenner dufta av sjø og hav. Du bør bruka fridagane i påska til å oppleva øygardsnaturen (det er enno vår) sjølv om temperaturen gjerne ikkje er så høg som me skulle ynskt.
Eg ynskjer deg og dine ei god påske!