I dag har me vore i Planforum med kommuneplanen (arbeidet så langt). Planforum er samansett av m.a. fylkesmannen, fylkeskommunen, fiskeridirektoraet, vegvesenet m.fl. Alle dei som har noko å seia når det gjeld planlegging. Så langt får kommunen mykje ros for arbeidet. Det er bra, for då kan me arbeida vidare etter dei spor som er lagt politisk og administrativt og me slepp å ta arbeidet opp att. Planen vert utarbeidd gjennom ein samspel mellom Planutvalet og administrasjonen, basert på innspel frå folk, behov som kommunen ser og sentrale retningsliner for slikt planarbeid.
Me reknar med å kunna leggja planen ut til høyring, utpå hausten. Det vert og lagt opp til folkemøte i forbindelse med høyringa. Det er viktig å presisera at det nok vert nokre utfordringar etter kvart som planen vert spissa og detaljane skal på plass.