torsdag 26. mai 2011

Regionalt næringsforum på besøk, vindkraft og Familiens hus

Det har så langt vore ei hektisk veke, med besøk av m.a. barne- og familieminister Audun Lysbakken som fekk innføring i Familien Hus i Øygarden.

I dag kom Regionalt Næringsforum på besøk. Det består av m.a. personar sentralt i Fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Høgskulen og NHO. Dei fekk innføring i regionalt satsing, m.a. på reiseliv og CCB Kollsnes AS si vindkraftsatsing i Næringsparken i Øygarden.

I går opna eg eit vindkraftseminar på CCB med nærare 70 deltakarar. Irene Lillehammer som er sjef i CCB Kollsnes AS teikna eit interessant framtidsbilete av vindkrakftsatsing, ikkje minst internasjonal satsing der basen ligg i Naturgassparken i Øygarden.