Betraktningar
- Det er skikkeleg ruskever ute. Det vert sikkert litt ruskever også i politikken framover. Me står framfor viktige politiske avgjerder. Ei rekkje planar som vil påverka deg som innbyggjar skal utformast og det vert lagt opp til ei vidareføring og forsterking av kostnadsreduserande tiltak. Den nye politiske leiinga planlegg store investeringar dei neste 4 åra, noko som vil krevja mykje eigenkapital i åra som kjem. Eg trur formannskapet sitt budsjettmøte i haust vert ei krevjande affære. Det vert spennande å sjå kven som vert samde med kven når usemje og semje skal diskuterast. Det kan og henda at alt går på skinner, kven veit.
Overskrifter på bloggen
- Framover mot jul vert det tradisjonelle tema, men med dagsaktuell informasjon og kommentarar. Nokre overskrifter vert spissa. Det lover eg deg. Utfordrande overskrifter. Du skal få desse overskriftene lansert litt etter kvart.