tirsdag 27. september 2011

På tur med Roald Atle Furre

Folkehelsa er viktig. Kommunane skal no driva eit aktivt helsefremjande arbeid. Du har sikkert fått kommunen sin brosjyre om turar i Øygarden. I juli vart eg invitert med på tur, av Roald Atle Furre som bur i Øygarden. Han tok meg med på tur i heile området rundt Ormhilleren. Me brukte formiddagen. Det var ei flott oppleving. Flotte turløyper, vakker natur, flott utsikt og Roald Atle som fortalte historiar. Overraskingar undervegs, kaffi og ein enkel matpakke vart servert. Bodskapen er: bruk turløypene opparbeidd av frivillige, slike som Roald Atle Furre. Formiddagen i juli vart ei flott oppleving. Ein tur i den vakre naturen vår gjer godt for helsa. Opplev gjerne løypene med utgangspunkt Ormhilleren på Rong.

p.s. Gode vener av oss var på tur i løypene ved Ormhilleren for nokre dagar sidan og møtte Roald Atle Furre. Dei fekk den same gode opplevinga, både av løypene og mannen.