I dag var det siste planutvalsmøte i kommunstyreperioden 2007-2011. Det var også det siste møte som eg leia i dette organet. 11 år med planutvalsmøter og rundt 2000 saker (sikkert meir). Dispensasjonssaker, reguleringsplanar, områdeplanar og kommuneplanar. Møte med utbyggjarar, fylkesmann og fylkeskommune med fleire. Eit interessant arbeid men ikkje alle har vore like glade i oss. Det er i Planutvalet at folk kan få nei eller ja i saker som gjeld bygging og planlegging. Det er ikkje populært når det vert eit nei. Mange saker har vore vanskelege. No er det slik at i mange saker vert det ja. Dei høyrer me aldri noko om.
Det som ikkje er bra er at det lokale skjønnet og lokal vurdering nesten er borte. Me er styrt av lov og forskrift og sentrale styresmakter som er strenge. Mange skyt på Fylkesmannen, men det er slik at lover vert bestemt av Stortinget. Det er altså politikarane sjølv som har bestemt at det skal vera streng arealforvaltning. Dei same politikarane klagar på kor ille det er og som seier at dette må gjerast noko med. Berre prat. Det har vorte strengare, uansett politisk farge.
I november vel kommunestyret nye folk i Planutvalet.