mandag 24. oktober 2011

Budsjettarbeidet

Den raudgrøne regjeringa har stramma inn på overføringa til kommunane. Auken i overføringar dekkjer ikkje inn forventa løns- og prisvekst neste år. Det betyr strammare tider. Samstundes aukar forventningane til betre kvalitet og tenestetilbod i offentleg sektor, stort sett lova av sentrale politikarar. Offentleg sektor skal også byggja ut, alt frå husvære, omsorgsbustadar/sjukeheimsplassar til vatn og avløp. Mykje må fornyast. Desse investeringane kostar. I Øygarden er det eit særleg behov for ei forsterking av m.a. vannledningsnettet og utbygging av avløpsanlegg. Prioriteringane kan verta krevjande.