torsdag 12. april 2012

Rådmenn som vert ofra - artikkel i BT 10.4.

I ein artikkel i BT 10. april kan me lesa om rådmenn som vert ofra og gjort til syndebukk når alt ikkje går som det skal. Det vert og vist til at i kommunar med dominerande parti vert rådmenn skifta ut ofte. I Øygarden har det ikkje vore slik. På dei siste 30 åra og vel så det har me hatt to rådmenn og me har hatt ei stor politisk gruppe som har dominert politikken og styringa. Den gruppa (TVØ) kom i oposisjon etter valet i fjor haust.

I artikkelen vert det skrive at "delar av kommunestyret uttrykte seg kritisk til rådmannens håndtering". Dette er ikkje rett. Kommunestyret har aldri uttala seg om Torgeir Sæter si handtering av saka. Det må i så fall den styrande koalisjonen ha gjort internt og at det er kanalisert gjennom ordføraren. Ikkje ein gong i sist kommunestyremøte vart saka omtala eller etterspurt.
Kontrollutvalet har heller aldri gitt uttrykk for noko som helst i saka så langt, som skulle tilseia at rådmannen skulle gå frå stillinga.

Det er synd at Torgeir Sæter slutta som rådmann men eg forstår han og ynskjer han alt godt i den nye jobben.