Folketalet aukar i Øygarden. Det er bra men viktig å ta omsyn til når ein planlegg. Samtidig er det ikkje lett å "spå" om framtida. Me fekk merka det når det brått var mange fleire denne våren som søkte barnehageplass enn det som var forventa. No er det slik at det er fleire årsaker til at fleire søkjer om barnehageplass, ikkje berre at folketalet aukar. Det er ikkje alltid like lett å planleggja når ein ikkje kjenner alt som påverkar utviklinga.
No løyser utfordringa seg ved at formannskapet har bestemt at delar av den gamle skulen på Toftøy, skal nyttast til barnehage fram til den nye barnehagen på Toftøy står klar. Den midlertidige løysinga er planlagt klar frå 1. august.
Barnehagen som er under oppføring av NLM Barnehager AS, vil stå ferdig seint dette året. Den vil ha plass til rundt 100 born.