fredag 14. september 2012

Bilkøane på Sotra-Bergen og mot Øygarden

Av og til tenkjer eg at ein ikkje skal svartmala ein krevjande situasjon, men det som no skjer med lange køar i alle retningar varsla me for fleire år sidan. Det ville etter kvart verta eit slags "katastrofeområde" trafikkmessig. Det råkar alle, også kollektivtransporten. Kommunane har masa om straksløysingar på begge sider av Sotrabrua. Det har me gjort no i 10 år. Kvar vart Fylkeskommunen av i denne perioden, når det gjaldt å støtta prosjekt politisk? Kvifor greip ikkje Vegvesenet inn med si makt? Eller vert tiltak trenert av andre grunnar? No er dei på bana, men det er seint. Bur ein nord på Sotra, arbeider på Straume og skal levera barn i barnehage nær Sotrabrua brukar ein nær 1 1/2 time frå heimen til ein er på arbeid, når køane er som verst.

Eg begrip ikkje at folk finn seg i det.

Dette skuldast kort og godt manglande overordna samfunnsplanlegging og utviklinga styrer planane, ikkje planane som styrer utviklinga. Slik finn me mykje av i Norge. Så er staten "pinen" med pengar til utbygging av viktig samfunnsstruktur. Få ut konsulentane av departementa, dei som tel femtiøringane, og gjer politiske vedtak, ikkje forretningsmessige vedtak (jamfør dei som rådgir departementet om tal på felt på ny Sotrabru).

Eg begrip ikkje at me politikarar let oss styra av teoretikarar. Sunn fornuft ligg til grunn for politikkens utforming. Sunn fornuft, livserfaring og praktisk tilnærming gir gode resultat.