Ein kan seia mykje om planar og arbeidet knytt til det, men det er slik at planlegging nesten er "livsviktig" for kommunane. Utan planar kjem ein ikkje langt enten det gjeld areal, vegutbygging eller utvikling av samfunnet totalt sett. Det er viktig å sjå framover, ha visjonar og planleggja.
Eg er så heldig at eg er hyra inn av KS ( www.ks.no ) som prosessrettleiar (etter behov) innanfor det som gjeld arealplanlegging. Dette er ein del av folkevalgtprogrammet og eit tilbud frå KS til kommunane og spesielt retta mot politisk nivå. Eg har vore med i ei arbeidsgruppe som har utarbeidd opplegget. Det har vore utruleg interessant og lærerikt. Det er å håpa at opplegga rundt i kommunane vert like lærerike og interessante.
Planlegging er viktig, men det må arbeidast med å utvikla gode prosessar og korta ned på planleggingstida.