Eg set her og reflekterer over politikkens vesen. Etter eit møte i formannskapet (les meir på www.tverrpolitisk.no ) denne veka kan eg konstatera at politikk er politikk. Fleire har fått og skal få pes for overskridingane på barnehagetomten på Toftøy. No skal det ryddast opp les me i avisa. Nokon har rekna feil og nokon har bestemt når det måtte bestemmast og dei som skulle rekna og bestemma hadde forsvunne.
I formannskapet slo ordføraren fast at politisk prioriterte saker skal gjennomførast uavhengig av reglement*), konsekvensar og kva andre seier (her relatert til den nye skulen på Tjeldstø). Då er eg roleg for at me bestemte å byggja ut barnehagetomten på Toftøy. Det var ei politisk prioritert sak. Ungar og foreldre stod i lang kø for ein barnehageplass. Behovet var for lengst ein realitet. Det er vel slik at hadde ein rekna rett så ville utbygginga av tomten kosta det den no kostar. Eg angrar ikkje på den nye barnehagen på Toftøy. Det var ei politisk prioritert sak. Hadde me venta, kjære foreldre, hadde de enno stått i ein lang kø..... Godt at politikken fungerer.
*) Det er i all hast utarbeida eit nytt reglement for investeringsprosjekt.