tirsdag 29. januar 2013

Budsjett og politikk

I VestNytt i dag kan me lesa om budsjett og nedskjæringer i Øygarden. Ordførar Otto Harkestad er overraska over TVØ si haldning til nedskjæringsprosjektet og kallar det rart. Eg synest det er rart at ordføraren uttalar seg slik.

TVØ er ikkje ein del av posisjonen og TVØ hadde eit anna budsjettforslag. Me har ikkje gått inn for at ein kan seia opp tilsette i kommunen for å finna pengar til investeringane. Posisjonen har ikkje bedt om noko samarbeid med oss før eller etter budsjettmøtet i kommunestyret.  Det er ikke rart me er spørjande til vår rolle. Men, som før tek me ansvar og vert med i styringsgruppa som avisa omtalar.