Kjære bror Arne Johan, de ville ikkje ha merksemd om hendinga då de med livet som innsats prøvde å berga livet til ein forulykka mann i Langenuen i 2011. No kjem litt av hendinga fram i BT www.bt.no
Du og kollegaen din låra mobbåten i eit uver der ingen andre ville prøvd. De stolte fullt og fast på kapteinen dykkar og resten av mannskapet på ferja at dei ville stå dykk bi og kapteinen manøvrerte ferja som berre ein solid kaptein kan gjera. Likevel var de aleina i mobbåten i eit frykteleg uver samtidig som de skulle prøva å få liv i den forulykka.
Sjølv om livet til den forulykka ikkje stod til å redda gjorde de alt de kunne og det er viktig for dei etterlatne og viktig for dåke som var vitne til denne tragedien. Omtalen er velfortent og fortel om eit stort sjømannskap og handlekraft når situasjonen krev det.
Les meir her:
www.bt.no/nyheter/innenriks/112/Ferjemannskap-heidra-for-heltedad-2871836.htmlnskap.
http://www.sunnhordland.no/article/20130403/NYHENDE/130409931