I ein artikkel i VestNytt kan me lesa om Øygarden kommune som har blitt "nissen på lasset" i det regionale samarbeidet. Korleis ein kan ha stelt seg slik at ein har blitt ein nisse på lasset gir grunn til bekymring.
Vel, saka handlar om kommunestruktur og kommunesamanslåing. Eit fleirtal i kommunestyret har sagt klart i frå at det er uaktuelt å delta i ein såkalla mulighetsstudie regionalt om temaet. Grunngjevinga til fleirtalet er at Øygarden kommune skal vera eigen kommune. Då skal ein ikkje delta i noko utgreiingsarbeid, ikkje ein gong som nisse på lasset. Alt anna er å tøya grensene som kommunestyret har trekt opp. Det må respekterast i det regionale samarbeidet.