lørdag 10. august 2013

Kystsogevekene 2013 - og opning av Lindås sjøsluser

Det vart ei flott opning av Kystsogevekene 2013 i dag i Lindås. Slusene i Lindås er rehabiliterte og vart og formelt opna då M/S Granvin gjekk gjennom slusene.

Mykje folk var tilstades i det fine vêret. Ein populær Lindåsordførar, Astrid Aarhus Byrknes, har grunn til å vera stolt av kommunen og som vert for opninga av Kystsogevekene 2013.  Årets program finn du her: www.kystsogevekene.no