torsdag 1. august 2013

Stortingsval og politiske prioriteringar lokalt

Valkampen
Valkampen er i gong. Partia skal markere seg og sentrale politikarar reiser rundt og forkynner politiske prioriteringar. Dei besøkjer verksemder og helsar på eldre menneske, medan media heng på slep. Elles i året vert det lite helsing. Det er vel dei færraste som har lest partiprogramma fullt ut. Dei er gjerne på mykje over hundre sider. Me vert avhengige av det me får servert i media av politiske prioriteringar, utan å gå i djupna i partiprogramma. Det er det med "liten skrift" det vert vist til når lovnadane ikkje kan oppfyllast heilt.

Lokale prioriteringar
Lokalt er det vel så viktig med politiske prioriteringar for det kommande året. Det skal gjerast når budsjettet for Øygarden skal utformast. TVØ prioriterer følgjande hovudsak neste år. Les her: http://www.tverrpolitisk.no/