mandag 16. desember 2013

Politikarar og vedtak i Øygarden kommunestyre

Etter det eg forstår er det ein del debatt om m.a. avvikling av drifta ved "Små Terna barnehage" og elles budsjettprioriteringar. Eg veit ikkje kvifor det er slik, men mange skuldar politikarane kollektivt for vedtak. Det høver gjerne ikkje å setja ord på kva grupper det er tale om. Det kan eg gjera og eg høyrer altså ikkje til fleirtalet i kommunestyret.

Først litt frå budsjettet:
Pengane er ikkje brukt opp (tidlegare) slik det høver for nokon å skriva. Før fleirtalet sine kutt i drifta
var det att faktisk 14,5 mill. til fri bruk i 2014.

Neste år skal fleirtalet m.a. kutta 150 000 kr i tilskot til kulturtiltak/frivillig sektor. 2014 er eit
jubileumsår og me går altså inn i jubileumsåret og kuttar i tilskot til samfunnsbyggjande arbeid.
Dette er eit lite beløp i kommunen sitt store budsjett, men for dei som får tilskot kan dette ikkje vera bra.

Bygging av omsorgsbustadar og PU-bustadar er lagt på is fram til 2016. Er det ingen som spør kvifor?

Så er det dette med barnehagane.
Berre slik at det er sagt. Eg og mi gruppe (TVØ) gjekk i mot å avvikla "Små Terna barnehage" før dette er skikkeleg vurdert. Me er uroa over situasjonen framover med omsyn til plassar og behovet. Så er det slik at det er politikarane i mellom anna Arbeiderpartiet og Høyre som har gått inn for dette, ikkje politikarane kollektivt!