onsdag 4. desember 2013

Gamle blogginnlegg, olje og kommuneplan

Eg ser at ein del les på gamle blogginnlegg om Stureterminalen og kommuneplanen. Nokre av innlegga er frå den tida eg var ordførar, fram til 2011. Kor relevante dei innlegga er i dag er vel eit stort spørsmål. Olja frå Johan Sverdrup-feltet (Johan Sverdrup) har gått til Mongstad (har lisensen blitt samde om) og kommuneplanen som var på veg mot ei avslutning i 2011 er framleis til handsaming i det kommunale systemet.

Det er synd for region Vest at Johan Sverdrup-olja ikkje kom til Øygarden. Eg har sakna det regionale engasjementet kring denne saka (det er mogeleg eg har oversett noko stor oppegonga rundt dette) og sikra regionen fleire bein å stå på i åra som kjem. Johan Sverdrup var eit slikt bein, med tanke på storleiken og langsiktige regionale ringverknadar. Det var viktigare for regionrådet å diskutera kommunestruktur enn å diskutera sikring av framtida for anlegg i regionen som har stor regional betydning. No er kommunestrukturprosjektet lagt på is (Les meir om det her).

Olje- og gassindustrien er viktig for kommunane her i vest og sjølv om det er naudsynt å sjå etter heilt andre bein å stå på i framtida, så er og vert denne industrien viktig i mange mange år. Det er og viktig å stikka fingeren i jorda og spørja etter korleis tilgongen er på arbeidskraft til anna framtidsretta næringsverksemd, førebels. Å utvikla fleire bein å stå på, samstundes som ein sikrar tilgong på arbeidskraft er eit krevjande prosjekt som krev langsiktig og målretta planlegging, saman med næringslivet.