onsdag 31. desember 2014

Takk for året 2014

Det er med vemod eg ser attende på året som ligg bak oss. 12 månadar er lenge og mykje kan skje. Me kan førebu mykje og planleggja både for fritid og arbeid, men om det vert slik rår me ikkje med.

Kontrastane vert ofte store. Me går frå glede til sorg og livet vert fylt med erfaring og oppleving som som me må ta med vidare. Mykje kjem i skyggen av det å mista nokon som står ein nær. Livet er sårbart og skille mellom liv og død er som eit tynt forheng. Først vart ein nær ven sjuk, heilt uventa, og døydde før hausten var over. Det var tungt. Saknet etter ein nær ven vert sitjande i.
Så døydde ordførar Otto Harkestad brått. Eg har opplevd før å mista ordførarkollegaer i operativ teneste. Det merkast. Otto og eg vart politiske kollegaer i 1991 og bortsett frå ein kommunestyreperiode frå tusenårsskiftet arbeida me tett på kvarandre politisk. Me var ikkje samd i alt, men i grunnleggande samfunnstilhøve var me samde. Det var tungt å følgja Otto til grava, og han ein mann i sin beste alder. No er Otto borte og minna frå tida me var saman vil følgja med vidare i livet.

Barnebarn kom til i 2014, no er det 6 av dei. Det gir glede og mange fine opplevingar. Kontrastane gir livet ei slags meining og brå overgangar vert kompensert med mange små fine augneblink som tek luen av dei skarpe kantane i det me ikkje likar.

Takk for 2014 og godt nytt år!