fredag 24. oktober 2014

Siste kommunestyreperioden

Lenke til VestNytt om denne saka:  Artikkel i VestNytt

Pressemelding

Til:                  VestNytt, Radio Sotra, Kystradioen
Frå:                 Olav Martin Vik, leiar i TVØ
Dato:               20. oktober 2014

Kommentarar til pressemeldinga: Det vert på dette tidspunkt ikkje gitt kommentarar utover det som står i pressemeldinga.
  
SISTE KOMMUNESTYREPERIODEN

I 2015 har eg vore politikar i 25 år i Øygarden og 11 av desse, som ordførar.

Ordførarperioden tok til i 2001 og i perioden frå 2000 og utover, vart det investert nærare ein halv milliard kroner i bygging av kommunale bygg og kommunal infrastruktur i Øygarden. Kommunale tenester vart styrka. Det var krevjande år, der finansieringa nøye måtte sjåast opp mot inntektene. Planlegging krov mykje av mange. Det vert av mange framstilt som lettvint. Det var det ikkje. Det er krevjande å gjera ord om til handling.

Kommunesenteret vart i denne perioden flytta frå Tjeldstø til Rong. Av større anlegg kan nemnast Tednebakkane omsorgssenter, rehabilitering og nybygg ved Blomvåg skule, SFO ved Rong skule, ny idrettsbane på Tjeldstø, oppgradering av idrettsbana på Rong, nytt Alvheim vassverk, ny Toftøy skule, ny Terna barnehage, tomt for ny barnehage på Toftøy, innleige av kommunale institusjonar i nytt Rong senter, kai i Naturgassparken, store utbyggingar innanfor veg, trafikksikring, vatn og kloakk på mange av gardane m.m.

Saman med ordførar Ole G. Fredheim i Fjell og avdøde ordførar Albrigt Sangolt i Sund var eg med og oppretta selskapet Sotrasambandet som har vore ein pådrivar for ny sotrabru.

Eg var med og etablerte Regionrådet Vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden), saman med kollegaene Lars Lie, Albrigt Sangolt og Knut Hanselmann og hadde gleda av å leia styret i den første perioden. I dag er det eit utstrakt samarbeid mellom desse kommunane.

Eg var med og etablerte Nettverket av Petroleumskommunar (kommunar med ilandføring av olje og gass) og fekk i oppdrag å leia styret i den første perioden. I dag er dette nettverket viktig for å sikra interessene til desse kommunane, ovanfor sentrale styresmaktar og oljeselskapa.

Frå 2001 og utover vart det lokalt og regionalt satsa på næringsutvikling og verdiskaping, gjennom selskapa Naturgassparken, Gode Sirklar, Business Region Bergen og Bergensregionen (politisk møteplass).

Det har vore spennande å utvikla Øygarden, saman med eit solid mannskap i TVØ, administrasjonen og samarbeidande menneske, grupper og nabokommunar.

Eg takkar ikkje minst alle veljarane som har støtta meg og gitt ny tillit i fleire periodar.


Eg har orientert TVØ sitt arbeidsutval om at eg ikkje er aktuell som listekandidat til kommunevalet i 2015. Etter 25 år og 11 år i toppen i politikken i Øygarden, vel eg å avslutta mitt politiske arbeid, når denne kommunestyreperioden er slutt i 2015.