Me har flotte representantar i kommunestyret i Øygarden. Me har vore i lag i ein og ein halv dag med gode innlegg om kvinner i politikken, mediahandtering og korleis me skal opptre i styre der ein er innvald. Statoil orienterte om framtida til Stureterminalen og me hadde eit ordinært kommunestyremøte med nokre krevjande saker. Vedtaka finn du på http://www.oygarden.kommune.no/ .
Viktige saker står seg best over tid med breiast mogeleg semje. Det er likevel viktig å respektera at gruppene kan ha ulikt syn i nokre saker. Det er ikkje farleg. Politiske debattar er sunt, korrigerande og opplysande. Takk til flotte representantar med mange gode innlegg.