torsdag 11. november 2010

Fleire kvinner i politikken i Øygarden

Kjære kvinner, i alle aldrar over 18 år.

Me treng fleire kvinner som kandidatar til listeforslaga til neste kommuneval. Politisk arbeid gir innsikt og kompetanse. Du er gjerne redd for at mykje av fritida går med til politisk arbeid. Det er ikkje tilfelle. Møte i politiske organ (kommunestyret, formannskapet og komitear) startar så pass tidleg at det er noko tid att av kvelden. Gruppene vil heilt sikkert ta omsyn til din livssituasjon og avpassa aktiviteten slik at du kan trivast som politikar.

I desse dagar arbeidar dei politiske gruppene/partia i Øygarden med å finne kandidatar til neste års kommuneval. Dersom du er kvinne, les denne bloggen og du kan tenkja deg å veta meir om kva det går ut på å vera politikar i Øygarden, kontakt ei av kvinnene som set i kommunestyret i dag. Du finn kontaktinformasjon her:  http://tiny.cc/kommunestyret