torsdag 11. november 2010

Politiske debattar og ufarlege ordførarar

Som ordførar kan eg ikkje vera heilt "tannlaus". Eg kan heller ikkje vera usynleg og ufarleg. Mitt ansvar er å peika på utfordringar og løfta dei fram i dagen slik at dei kan vurderast både administrativt og politisk. Eg må tora å vera med å ta ei avgjerd, populær eller upopulær, sjølvsagt etter ein god, involverande og opplysande prosess. Det lettaste hadde vore å gått på "gummisålar", men det trur eg ikkje tener nokon, i det lange løp.