I dag har me hatt møte med Hordaland fylkeskommune om folkehelsa. Fylkeskommunen har fått eit særleg ansvar for å samordna folkehelsearbeidet. Førebygging i alle ledd i offentleg sektor er viktig. Me må få data om helsetilstanden i eigen kommune og laga planar for førebyggande arbeid. Stikkord som trivsel, sosiale tilhøve, trim, livstil er viktig i opplegget vidare. Alle tenesteområde i kommunen er viktige i dette arbeidet. Men, kvar og ein av oss har eit eige ansvar for sjølv å ta vare på helsa vår. Det gjer me m.a. gjennom gode fritidsaktivitetar, ved å halda kroppen i form og elles ha ein sunn livsstil. Lykke til.
Les meir om folkehelsearbeidet her: http://www.hordaland.no/folkehelse