torsdag 25. november 2010
Mangel på kraft
Det er kaldt ute og straumforbruket aukar. Samstundes er det slik at risikoen for at noko kan gå galt med straumleveransane også aukar. Me har noko svak forsyningstryggleik i våre område. Det kan bety utkobling. I eit moderne samfunn i 2010 er dette nesten ubegripeleg og skuldast i hovudsak manglande overordna samfunnsplanlegging. Då eg vaks opp var straumen borte på grunn av uvær og skadar på nettet. I dag har me stelt oss slik at me ikkje får fram nok straum. Det skuldast (nesten) manglande avgjerder til rett tid på overordna nivå. Kommunen må altså førebu seg på at me på ein fin vinterdag utan uvær står utan straum. Sjå denne lenka: http://tinyurl.com/kraftkaoset