fredag 26. november 2010

Gamal historie kostar

Så kom brevet frå Riksantikvaren om utgravingar på Tjeldstø. Eg har i fleire år håpa at dette ikkje vart så kostbart. Det er mange fornminne innanfor reguleringsområdet på Tjeldstø. No må fleire av lokalitetane (fornminna) gravast ut før området kan takast i bruk. Rekninga kjem på inntil kr. 4,3 millionar skriv Riksantikvaren. Denne kostnaden er det kommunen som må ta. Gamal historie kostar.