torsdag 4. november 2010

Livet utanfor politikken

Ordførar er ein i 4 år og 24 timar i døgeret. Det er eit verv og ikkje ein jobb. Det er eit spennande og interessant liv og ikkje minst eit stort privilegium.

Men, så det er eit liv utanfor politikken og no kom barnebarn nr to. Eit nytt liv som heilt sikkert kjem til å fylla bestefar sitt liv med glede. Familie, venner og kollegaer er og med og gir livet meining.