Til deg som les dette innlegget. Dette vart publisert i november 2010. Finansiering av ny veg mellom Sund-Kolltveit-Ågotnes, ligg i hendene på Fylkeskommunen.
På styremøtet i Sotrasambandet i dag var ny veg mellom Sund og Ågotnes tema. Planane ligg i dvale på grunn av manglande prioritering frå andre styresmakter. Dette vegprosjektet vil no få særleg fokus framover. Eg vil ta dette til regionrådet sitt styre. Det vert framstøt mot fylkeskommunale styresmakter og me må prøva å få prosjektet inn på regional transportplan. Men, me kjem nok ikkje utanom bompengar og at bompengeopplegget må sjåast i samanheng med hovedsambandet. Me vonar på velvilje frå fylkeskommunen for ny veg mellom Kolltveit-Sund og Kolltveit-Ågotnes.
Aksen Nord-Sør på Sotra (som og er viktig for Øygarden) har vore viktig heilt frå arbeidet med nytt sotrasamband starta.