Til veka skal kommunestyret handsama ein såkalla forvaltningsrapport om barnevernet i Øygarden. Kontrollutvalet har på oppdrag frå kommunestyret gjennomført ein forvaltningsrevisjon.
Rapporten kan fort framstå kritisk og negativt. Det er viktig å presisera at det er ikkje enkelt å jobba i barnevernet. Som ordførar er det viktig for meg å vera klar over at dette feltarbeidet der ein er tett på familiar og born, er særleg krevjande. Eg er imponert over menneske som tek dette ansvaret på seg.
I Region Vest arbeider me no for å få til eit samarbeid, der målet er at me skal verta betre, mot brukarane, internt og fagleg. Du kan lesa meir om dette her: http://www.regionradetvest.no/entusiastisk-idedugnad-om-betre-barnevern
Vil du veta meir om det regionale samarbeidet kan du sjå på denne sida: www.regionradetvest.no