Litt informasjon etter formannskapet sitt siste møte i dette året:
Barnehagetomten på Toftøy
I budsjettet for 2011 ligg det inne pengar til opparbeiding av infrastruktur til ny barnehage på Toftøy. Formannskapet har no tildelt kontrakten til Harkestad Entreprenør AS.
Det er viktig å presisera at dette gjeld sjølve tomten og ikkje barnehagebygget. Det er ei eiga sak.
Skulen på Tjeldstø
Arkitektane "Vis-A-Vis" er tildelt arbeidet med forprosjektet til ny skule på Tjeldstø. Dette er eit omfattande arbeid. Det er løyvd pengar til dette arbeidet for neste år.
Fleirbrukshallen
Arkitetfirmaet "Cubus" er tildelt arbeidet med forprosjektet til fleirbrukshallen på Tednebakkane. Som for skulen er det løyvd pengar til dette arbeidet i budsjettet for 2011.