fredag 14. oktober 2011

Kva er AP, Høgre og KrF samde om?

Kommunestyret har konstituert seg. Me har fått ny politisk leiing i kommunen. Ordførar frå AP og varaordførar frå Høgre. Med seg har dei KrF. Me veit ikkje kva dei er samde om eller kva dei vil prioritera av saker. Noko må dei ha blitt samde om når verva skulle fordelast. Det vil eg tru er interessant for veljarane. Eg har oppfatta det slik at ny skule på Tjeldstø har høgast prioritet og at det er denne saka som samlar dei tre partia. Men er det same skulen AP og Høgre snakkar om? Er det ein liten skule eller stor skule; -skal ein planleggja på nytt vil tida gå.

TVØ kan ikkje vera krykkje for AP eller Høgre dersom nokon skulle tru det. Me i TVØ er i ein god dialog med FrP om samarbeid dei neste 4 åra.