onsdag 21. september 2011

Kommunestyremøte i dag 21.9.

I dag er det siste kommunestyremøte eg skal leia fullt ut. Det har blitt ca. 80 kommunestyremøter frå 2001 og fram til no. Sakskartet er kort, men kvar sak er viktig sett i forhold til det ein har tenkt å få til eller løysa av utfordringar.

Kommunestyret skal m.a. godkjenna finansiering av vannledning mellom Rong og Toftøy. Dei siste månadane med eit stengt Toftøy vassverk og slangar over Rongesundet bru gjer at me må finna ei permanent løysing for samankobling mellom Rong og Toftøy. Dette vil kosta oss ca. 1,4 mill. kr.

Me må også sikra eller gjerda inn kaien i Naturgassparken. Dette er krav frå Kystverket. Anløp av båtar som har vore i utenlandsk hamn set krav til slik sikring/inngjerding. Dette vil kosta oss (kommunen) 2,5 mill. kr. CCB på Ågotnes skal drifta kaien.