Du lurer gjerne av og til kva ordføraren brukar tida si på. Ordføraren er folkevald og får si betaling frå kommunen. Det er eit verv som ein har i 4 år, heile døgeret (eit stort privilegium). Eg må alltid vera førebudd på at eit eller anna kan skje som t.d. alvorlege ulykker eller katastrofar, eller mindre hendingar som er viktige for lokalsamfunnet vårt og som krev aksjon. Mykje av dagane går med til avtalar og møte, politiske møte, representasjon på vegne av kommunen, oppfølging av saker og politiske vedtak.
Eg deler dagen inn i 3 delar: før lunsj, etter lunsj og ettermiddag/kveld. Dagen i dag er ikkje så ulik andre dagar. I dag vart det ingen kveldsøkt som det gjerne er tre av i veka, normalt.
Dagane startar kl. 7, går gjennom dagen, les og svarer på e-postar, les aviser, ser over saker.
Kl. 8.30 stabsmøte med rådmannen, gjennomgang av veka og januar månad samt viktige saker. Kl. 9.00 møte med Sotra Gruppen og representantar for kommunen. Kl 10.00 møte med representantar frå Bergen kommune om vatn og avløp. Øygarden kommune skal oppretta eit foretak for VA-sektoren. Kl. 11.00 på veg til VestNytt og intervju i forbindelse med at Gjensidigestiftelsen har gitt ei stor pengegåve til regionen (les VestNytt på tirsdag). Så fotoseanse hos VestNytt i forbindelse med eit juleinnslag. Kl. 12.30 på veg til Kleppestø og intervju hos avisa Askøyværingen om same sak som hos VestNytt. BT og BA neste, men dette tok andre seg av (nesten heldigvis, måtte i så fall til Bergen). Set kursen mot Øygarden. Ringer nokre telefonar, sjølvsagt med handsfree. Kl. 14.00 tilbake på kontoret og ein rask lunsj. Svarer på telefonar og nokre korte interne møte og avklaringar. Heldigvis er det menneske som hjelper til og ser kva som må gjerast. Kontorpulten ser litt rotete ut. Det er ikkje bra. Det ligg for mange papir som må lesast og organiserast. Det vert sikker tid før julafta kjem. På tide å få kontroll på januar. Denne dagen var det ingen kveldsøkt.