fredag 24. desember 2010

God jul

Då er det på tide å seia god jul til dykk som les denne bloggen. Eg håpar at du får ein fin julehelg. Ved desse høgtidene kjem og saknet, spesielt for dei som i nær fortid har mista eit menneske som stod ein nær og var glad i. Når me kjem litt opp i åra har dei fleste av oss vore gjennom slike opplevingar.

Hos oss er treet pynta og gjer inntrykk på toåringen som og heldt oss spreke med sine ablegøyer. Babyen som er nokre veker går på omgang på armane våre.

Me har det utruleg godt i dette landet. For oss som er tett på menneske der fattigdomen styrer kvardagen så veit me korleis det er. Mange menneske er nærare døden enn livet på grunn av at dei rett og slett ikkje har nok mat. Likevel er det menneske og i vårt land som opplever å vera fattig sett i forhold til det eg har. Spesielt for borna som opplever dette er det trist. Slik skulle det ikkje vore i dette landet.

Me får takka for kvar dag me kan vera friske og stå opp til ein ny dag.

Med desse orda ynskjer eg deg og dine ei  god og fredfull julehelg.

Vennleg helsing til deg frå Olav Martin.