torsdag 9. desember 2010

Kommunestyret sitt budsjettmøte på onsdag 8.12.

Kommunestyret har i all hovesak vedteke framlegget frå formannskapet til budsjett for 2011. Eg går ikkje inn i detaljar. Du kan lesa budsjettet på kommunen si heimeside http://www.oygarden.kommune.no/ , eller du kan spørja meg om detaljar via kommentarfeltet i bloggen. Øygarden sine rammer er vesentleg betre enne andre kommunar. Kommunestyret har gjort vedtak om om utgiftene skal reduserast med 5 mill. neste år.

Kommunale prisar på vatn, avløp og andre tenester aukar, men er fortsatt låge samanlikna med andre kommunar.

Pengane som går til investeringar skal brukast på planlegging av skule på Tjeldstø og kulturanlegg (fleirbrukshall), veg ved Hjelme gravplass, planlegging av gravplass ved Hjelme kyrkje, kloakk på Torsvik + ei rekkje andre tiltak som er viktige, m.a. vedlikehald.