Då er me inne i det nye året og eg ynskjer deg alt godt i 2011. Eigentleg er det vel ikkje den store forskjellen frå "igår kveld" til "idag", bortsett frå at nyårskvelden vert markert. Dei gamle her på Vik sa det slik: "viss me lever og har helsa" når dei snakka om framtida og planar dei hadde. Ikkje noko er sjølvsagt, me veit lite om dagane som kjem til trass for mykje planlegging.
La oss likevel tenkja positivt og ikkje minst sjå menneska rundt oss med positive auge (- og eit smil).