lørdag 15. januar 2011

Å koka suppe på ein spikar - oppslag i VestNytt

Journalisten framstiller det som om det er administrasjonen sin plan. Det er det ikkje.

I VestNytt idag kan me lesa om kommunestyret si handsaming av kommuneplanarbeidet, så langt. I oppslaget får dei estetiske retningslinene mykje merksemd. Det er fordi ordføraren er litt spiss. Når til og med det kjem kommentarar frå menneske som ikkje var tilstades i møtet så vert oppslaget spesielt.
Dei estetiske retningslinene er på ingen måte gløymt. Hadde ikkje ordføraren sjølv sett dei på dagsorden denne kvelden så ville ingen andre ha gjort det. Utfordringa ligg i nye bestemmelsar for denne typar retningsliner. Dei estetiske retningslinene vert juridisk bindande og må inn i sjølve planen.
Om nokon spurte etter denne delen av planen så er det mykje anna som og skulle vore på dagsorden som er underliggande dokument til kommuneplanen. Det hadde vore betre at ein brukte tida på å ta ein prat med meg for å sjå kva ein no gjer, enn å verta sure fordi eg gjev retninslinene merksemd.

Kommuneplanen
Journalisten framstiller det som om det er administrasjonen sin plan. Det er det ikkje. Dette arbeidet er politisk styrt av planutvalet. Plantuvalet set dagsorden for framdrift, innhald og prinsipp. Programmet for kvelden var sett saman av ordføraren, også det som skulle framførast på vegne av planutvalet, gjort av administrasjonen.

Når det gjeld ferdigstilling av kommuneplanen så skal du halda deg til det eg som ordførar framfører på vegne av planutvalet. Framdrifta er samordna med administrasjonen og eg trur ikkje me vert heilt ferdig ved utgangen av denne kommunestyreperioden. T.d. Askøy kommune er eit år før oss i løypa og dei har i desse dagar sin plan ute til høyring.