Av og til føler eg at me lever i kvar vår verden, dei på Stortinget og oss lokalpolitikarar. Nokre gonger kjem gapet til uttrykk i oppslag i media. Det er difor nyttig å møtast til samtale om saker som opptek kommunane.
KS Hordaland la til rette for eit dialogmøte i dag. Av viktige tema som vart omtalt kan eg nemna
- Ferjefri E39
- Oljeutvinning i nordområda i forhold til leverandørindustrien i Hordaland
- Rassikring
- Viktig at det følgjer med pengar når regjering og Storting kjem med nye reformar
Sjølv tok eg opp situasjonen etter NVE si innstilling i høve kraftlina Kollsnes-Mongstad, på vegne av dei berørte kommunane og framtida for ilandføringsanlegg som Stureterminalen.