onsdag 2. februar 2011

Etter kommunestyret

Kommunestyret hadde møte i dag (2.2.).

Folkehelsa
- Kommunestyret har gjort vedtak om å inngå partnerskapsavtale med Hordaland Fylkeskommune og oppretta ein koordinatorstilling for folkehelsearbeidet i kommunen.

PU-bustadar
- Eit fleirtal i kommunestyret har godkjent forprosjektet for PU- og avlastningsbustadar. Eg  har skrive om dette prosjektet tidlegare.

Barnehage på Toftøy
- Eit fleirtal i kommunestyret går inn for at kommunen skal ta kontakt med ein ideell aktør for bygging og drift av barnehage. Saka kjem attende til kommunestyret i april. Det er å håpa at dette er eit steg nærare ein ny barnehage på Toftøy. Kommunestyret (eit fleirtal) vil ikkje gå ut i den opne marknaden og vil heller ikkje gå vidare med lokale private aktørar.

For å få innsikt i detaljane må du nesten lesa sakene. Trykker du på denne lenka finn du møtekalenderen og sakene under det raude feltet for kommunestyret:  https://www.oygarden.kommune.no/innsyn.aspx?response=moteplan&MId1=494