mandag 31. januar 2011

Kollsnes-Mongstad

På morgonkvisten fekk eg meldinga frå NVE-sjefen. NVE har no gitt innstilling på kraftlina Kollsnes-Mongstad og kablar til Troll. Kartet viser at NVE har tilrådd det midtre alternativet i Øygarden og då som luftspenn. Linja går nordover frå prosessanlegget på Kollsnes og ut i Hjeltefjorden sør for Straumsundet.

Du finn informasjon om NVE si tilråding her, med kart: http://www.nve.no/PageFiles/11595/Fakta%201-11.pdf

Kommunestyret har tilrådd ein trase som går via Naturgassparken og at det vert lagt jordkabel. Me har altså ikkje fått gjennomslag for kommunen si tilråding/uttale.

Sjå Vestlandsrevyen og høyr kva me ordførarar meiner om NVE si tilråding: http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/248838/

Me arbeider no inn mot departementet for å få avklart prosessen vidare i høve endeleg vedtak og klagerett.