fredag 7. januar 2011

Vinmonopol i Øygarden - oppdatert informasjon

Eg ser at mange har lest eit gammalt innlegg om vinmonopol i Øygarden.

Berre for å oppdatere deg som er interessert i denne saka med litt fakta. Eit fleirtal i kommunestyret har gått inn for å endra den Alkoholpolitiske handlingsplanen der ein opnar opp for at Vinmonopolet kan etablera utsal i Øygarden. Sjølv stemde eg mot denne endringa.
Det er nok langt fram før ei slik etablering og det er ikkje sikkert at det kjem noko pol. Vinmonopolet har mange kriterie som skal leggjast til grunn ved vurderinga og andre kommunar ligg til vurdering og skal handsamast før Øygarden. Slike prosessar tek tid og det er snakk om år.

Styret i Vinmonopolet vedtek kvar haust (oktober–desember) nye butikketableringar for neste år. Øygarden er ikkje vurdert i 2010. Eit vedtak hos Vinmonopolet vert difor først gjort i slutten av dette året. I dei fleste tilfella opnar butikkane frå seks til tolv månader etter at vedtaket om butikketablering er fatta.